BANDET

Om oss :


Broad Line er ikkje noko ordinært  80-tals coverband !

"her er det ingen klisjear……. Broad Line ER eit 80-talsband. Dette er så ekte som det kan bli. Live 80-talsmusikk, med ekte nerve ".


Broad Line  konsentrerer seg om  å gjenskape  favorittsongane dine med to vokalistar, to keaboardistar høy energi, engasjerande personlighet og stor autentisk lyd. Dette set standaren for ein minneverdig kveld for folk i alle aldrar.


I 1978 starta Broad Line opp ei musikalsk reise som for alle som var med har vart i snart 40 år. Reportaret besto i byrjinga av 4 låtar som sjeldan har vore meir innøvde av band verken før eller seinare. Med heimelaga lys og stort pågangsmot vart Broad Line etter kvart eit velrenommert band, og hadde ein dei på plakaten var lag og organisasjonar garanterte gode inntekter som arrangørar. Ut over 80-talet fylde Broad Line alle lokale dei spelde i. Fulle forsamlingshus og bygdedansar, , speling i Oslo og andre store byar. Tider som var, og som aldri kjem att.


Så i 1986 var det slutt. Medlemmene forsvann i kvar si retning, ungdomstida var over og for dei fleste tok andre ting over kvardagen og livet i heilskap. Men alle fortsette å spele, og har gjort det i dei åra som har gått sidan. Musikken prega og merkte medlemmene positivt for livet.


Utgangspunktet var å ha det kjekt i lag og spele bra musikk, og når vi tok opp att tråden i 2010 var det framleis spelegleda som stod i fokus. Vi vil ikkje være noko ”reunionband” - vi skal spele musikk på same måte som på 80-talet, skape stemning og få publikum til å være med på leiken. Og når vi no med over 30 års erfaring igjen står på scena i lag, er vi i stand til å lage meir show, meir liv og røre og større musikalske opplevingar enn nokon gong. Utan at det skal være ”80-tals”-party, musikken er for oss tidlaus, og står seg like bra i dag som då. Songar av Bryan Adams, Nik Kershaw, The Police, Toto, Huey Lewis, Whitesnake, Peter Gabriel m. fl. er på lista. Ikkje nødvendigvis berre dei største hitane, men kvalitetsmusikk som ALLE som t. d. høyrer Radio Norge møter på minst ein gong for dag. Broad Line har no sidan 2010 spelt for utseld hus på Rokken i Volda kvar romjul. Vi gledar oss like mykje til kvar gong, og håpar publikum vil fortsetje å kome slik at vi kan halde fram i mange år til.


BANDMEDLEMER

Guro

Haavik

Vokal

Fred

Igland

Gitar

Frode Sundnes

Trommer

Knut

Eilefsen

Vokal

Bottolf Lødemel

Keyboard/Piano

Frode

Bjørneset

Keaboard

Lars Inge Bjørneset

Bass

Broad Line består av røynde musikarar som har spelt i ulike sjangrar og konstellasjonar, nokre av dei sidan seint på 70-talet.

Alle har ei sterkt tilknyting til 80-talsmusikken sjølv om vi kjem frå fleire musikalske sjangrar.

BROAD LINE

-kjekke folk-

© Copyright. All Rights Reserved.